tirsdag 5. april 2011

Salar de Uyuni

Onsdag 16.mars var vi på besøk i saltørkenen i Uyuni. Vi kjørte jeep ut på ørkenen, og vi fekk sitta på taket av bilen. Det var litt av ei oppleving, saltørkenen var eit heilt fantastisk syn! Det hadde regna før vi kom, slik at heile ørkenen var dekka av eit lag med vatn. Dette gjorde at himmelen speila seg i vatnet, veldig stilig å sjå på!



Då vi hadde kjørt langt inn på ørkenen, fant vi oss ein plass der vi laga oss ein camp. Guidane våre laga til med bord og stolar, og så fekk vi ein kjempe god middag! Det var kylling, ris og grønsaker som stod på menyen, og til dessert fekk vi grøne mandarinar. Etter maten var det tid for å ta masse bilde! På EBB er det tradisjon å ta nakenbilde i saltørkenen, men vi valte å bryta tradisjonen, og jentene tok toppløsbilde i staden















 

Etter mykje fotografering gikk vi bort til Salthotellet, dette er eit hotell som ligger eit stykke utpå ørkenen, og heile hotellet er laga av salt, inkludert stolar, bord og senger!
Så var dagen nesten over, og det som gjenstod var å sjå ein nydeleg solnedgang. Vi tok litt meir bilde, før vi satte kursen tilbake til hotellet i Uyuni!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar