tirsdag 5. april 2011

Pão de Açúcar (Sukkertoppen)

Siste dagen i Sør-Amerika og Rio de Janeiro fekk vi mogelegheita til å ta ein tur til Sukkertoppen. Dagen var solfyllt og gunstig for bestiging av ein av Rios populære turistatraksjonar. Vi skulle ta fly til Lisboa seinare på dagen, men vi rekna at oss hadde tida til å ta oss ein tur likevel.

Gruppa som for bestod av Steinar, Ragnhild, Gunnvor, Solveig, Marion, Ida L, Sunniva og Inger. Etter frukost og samling byrja turen frå hostellet med taxi til foten av Sukkertoppen.
Stien byrja nede med foten av nabotoppen som vi skulle bestige for så å ta taubane til sjølve Sukkertoppen. Vi byrja å gå på stien rundt toppen, men stussa litt når det ikkje vart noko stigning i terrenget. Vi vart imponert over utsikta med ei langstrekt kystlinje og knallblått hav. Vidare gjekk vi og med eit fekk vi auge på nokre søte små apekattar som klatra rundt i trea. Bilete vart tekne av både apekattane og havet der oss gjekk vidare. Men oss skulle få oss ei lita overraskning då oss plutslig kom til enden av stien. Då fann vi ut at vi hadde gått feil veg og måtte gå tilbake.
Der fann vi nokre naturlege trappetrinn og ein betydeleg brattare sti rett oppåver. Med jungel til kvar side og myggsvermar rundt kvar ein sving, kan ein trygt seie at det var ein slitsom tur. Men opp kom vi og vart belønna med ein heilt fantstisk utsikt over Copacabana, Ipanema og resten av Rio.
Men turen var ikkje heilt ferdig enda, bilettar vart kjøpt og vi stillte oss i kø for å ta taubana over til sjølve Sukkertoppen.
Då oss kom over til Sukkertoppen fekk vi ein halvtime til å sjå oss rundt og ta bilete. Heilt klar himmel og fantastisk utsikt over Rio og omegn.
Tok taubana tilbake og hadde tenkt å ta taubana ned ifrå nabotoppen også. Men då oss kom til billettluka, hadde den stengt for nokre timar midt på dagen, so då måtte oss gå nedigjen. Då vart oss litt stressa sidan oss ville ha god tid til å komme oss til flyplassen, dermed var det ein del av oss som jogga nedigjen. Litt tvilsomt sidan det var så bratt, men det gjekk veldig bra, då oss kom ned venta vi slik at vi vart fire stykker til å ta ein taxi tilbake til hostellet og dusje.
Var ein slitsom tur og litt stressandes med tanke på avreise seinare på dagen, men det var klart verdt det.

Inger

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar