tirsdag 5. april 2011

Å leve i sekk

Fem veker. Åtte forskjellige plassar. Seksten inn- og utpakkingar. Det er ikkje berre berre å vere på tur.

Å bu i sekk over lengre tid kan vere ei utfordring. Eg oppdaga fort at det smarte systemet eg kom opp med når eg for heimafrå ikkje var like lett å behalde når eg var ute på tur. Vi hadde ofte svært dårleg tid til å pakke, det vart gjerne dei femten minutta etter frukost før vi måtte vidare med buss til neste stad (fordi eg var for trøtt dagen før, og ikkje orka å stå opp før frukost). Og når vi kom fram dit vi skulle vere, må eg gjerne tømme ut alt innhaldet i sekken, fordi det eg trengte sjølvsagt låg heilt nederst. Romma var ofte trange og små, og med stor mangel på skapplass. Det endte derfor opp med at alle tinga vart liggande i ein stor haug på golvet.

Du føler at du aldri har reine klede. Til slutt var det berre å gi opp å ha noko system i sekken, å stappe alt nedi funka best. Dette vart sjølvsagt probematisk når eg skulle finne noko å ha på meg neste dag, sidan heile sekken lukta, og reine og skitne klede låg om kvarandre. Dei reine kleda var altså ikkje svært reine lengre, sjølv om dei nettopp hadde blitt vaska. Og det å vaske klede på vaskeri kunne vere ei spennande oppleving, vi visste aldri korleis kleda våre kunne sjå ut når vi fekk dei att. Vi opplevde både å få tilbake klede som var like skitne som når vi leverte dei inn, klede med store oransje flekkar, klede med raude flekkar, og overraskande nok klede som var tilstrekkeleg reine.

Men det var ikkje berre å pakke sekken som var problemet, vi måtte også ha handbaggasje, både til lange buss- og flyturar. Og det å pakke handbaggasje til ein flytur er ikkje alltid like lett. Du må passe på at du har alt du treng for å overleve det neste døgnet, gjerne med ei overnatting på flyplassen, samtidig som du ikkje har med deg noko farleg eller for mykje flytande.



- Ida Hagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar