tirsdag 5. april 2011

Potosi, byen langt oppe i skyene, byen kor det er vanskeleg å puste bare du beveger ein lillefinger. Byen der de skjer meir under bakkenivå enn ein kunne trudd med første augekaste. 
Vi reiste i frå Sucre til Potosi med taxi, noko som var ein veldig interesant tur. Vi kneip igjen auga fleire gonga og det kom ut fleire småskrik og stønn iløp av denne turen. Men utruleg nok kom vi uskada fram til byen som ligg høgare enn høgt. når vi kom fram på kvelden og de var mørkt ute, syntes nok fleire av oss at byen virka skmmel, mørk og fattigslig. Men når vi såg byen i dagslys var den ikkje så skummel og stygg som tenkt ved første augekast. 


Det var nok fleire av oss som hadde meir enn 1 sommarfugl i magen før vi skulle gå inn i gruva. Dette spesielt etter at vi i Sucre hadde sett ein film kalt The devil's miner. Filmen handla om ein gut som jobba i ei gruve. Når vi i tillegg fekk vete at de var denne gruva vi skulle inn i kjente vi det litt ekstra i magen. Vi vart fullt utstyrt med bukse, jakke, støvla, hjelm, hovudlykt og munnmaske. vi vart veldig flotte! :)
Før vi reiste inn i gruvene reiste vi inn på ein liten kiosk i nærleiken og kjøpte litt gåver til arbeidarane. Vi kjøpte inn brus, kjeks, cocablad, dynamitt, tobakk, og litt div . 

Fjellet kor gruvene ligger heiter det rike fjellet, Cerro rico. 

No var tida inne for å gå inn i gruvene, bare namnet the devil's miner syntes eg var skummelt. 
Her er inngangen til gruva. :) 
Det var veldig fælt å sjå kva forhold arbeidarane jobba under, inne i gruva var de trangt, mørkt, varmt og veldig støvelte. Dette vart bare verre og verre dess lengre ned i gruva vi kom. Vi møtte mange arbeidarar når vi gjekk inne i gruva, når vi gav gåvene vi hadde med til dei såg vi at dagen deira vart litt bedre. Nokre av arbeidarane stoppa opp og viste oss eksemplar på mineralar som dei utvinnte. 

inne i gruva var de heller ikkje alle plassar like tørt. 

Arbeidarane som arbeidda nede i gruvene jobba 12timers skift, av og til måtte dei og jobbe dobbel skift, så då jobba dei i 24 timar i strekk uten og gå ut av gruva, dei jobba 6 dagar i veka. Dette synest eg var ein heilt ufatteleg tanke, eg lengte etter å komme ut til frisk luft og lys etter bare den lille stunda vi var der inne. Medan dei måtte vere der inne dag inn og dag ut, time etter time. Alikavel smilte dei til oss og var veldig hyggelege. 

På slutten av turen gjekk vi inn å besøkte el tio, som er spansk for onkel. Tioen i gruva The devil's miner hette Georg og hadde vert inne i gruvene sidan slutten av1500- talet. Sjølv om arbeidarane gjerne var katolikkar på utsida, var de el tio dei tilba inne i gruva. Dei ofra han gaver som cocablad, lamaforster, 96%sprit, tabakk osv. Dette gjor dei for at han skulle passe på dei, og ikkje la de skje nokre ulykker med dei, medan dei arbeida nede i gruva. Huda til tioen var av leire han hadde også hår over heile kroppen. 

Å besøke gruvene gjorde eit veldig sterkt inntrykk på meg. Det å sjå korleis ein vanleg arbeidsdag for gruvearbeidarane var, var ein ufatteleg opplevelse. Vi syntest det var tungt å puste og alt for varmt på det nivået vi var. medan mange av dei arbeidarane jobba mykje lengre nede, der det var veldig mykje varmare og mykje meir støvete luft.  Berre tanken på kor varmt og tung luft det nok er der nede dei jobbar, er uforstålig for min del. 
På denne turen har eg lært kor mykje eg har i forhold til så mange andre og kor utruleg takknemeleg eg er for livet mitt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar