torsdag 7. oktober 2010

Uavhengigskap i Bolivia og Latin-Amerika

Bolivia var ein koloni under Spania, eller spanske visekongedøme fram til 6. August 1825. Området Bolivia låg i vart gjennom nesten heile kolonitida kalla for Alto Peru eller øvre Peru.  I 1780 vart Alto Peru, lagt under visekongedømet La Plata som hadde sete i det som no er Buenos Aires. Den spanske autoriteten her, vart svekka under Napoleonskrigane i Europa, som vart utkjempa mellom 1799 og 1815.  
I mai 1809 hadde frigjeringsrørsla som gjekk gjennom Sør-Amerika nådd Chuquisaca (no Sucre). Frigjeringsrørsla vart tent av personar med spanske gene fødd i Amerika, som vart kalla for criollos og personar med både innfødt og spansk arv, kalla mestizos. Fleire og fleire byar følgde raskt opp bak Chuquisaca. Tidleg på 1820-talet lykkast General Simón Bolívar i å frigjere både Venezuela og Colombia frå spansk herredøme. I 1822 sendte Bolívar Major General Antonio Jose de Sucre til Ecuador for å frigjere landet frå Spania i slaget om Pichincha. Etter mange guerilla handlingar mot spanjolane og etter sigrane til Bolívar og Sucre, vann Peru uavhengigheita si i 1824.
 Alto Peru, seinare Bolivia, var då teknisk sett fri frå spansk styre fordi landet var historisk knytt til regjeringa i Lima. Men landet hadde praktisk vorte styrt frå Buenos Aires sidan 1780 og det vart no spørsmål om kva som skulle skje med Alto Peru. Den 9 februar 1825 laga og sendte Bolívars nestkommanderande, de Sucre, ei erklæring som avslo autoriteten til Buenos Aires og foreslo at den politiske framtida til regionen skulle bli bestemt av provinsane sjølv. 
Bolívar var ikkje glad for denne uautoriserte suvereniteten og avviste ideen, men Sucre stod på sitt og var overbevist om at han hadde folket på si side. Det gjekk som han forventa og regionen nekta å vente på ei avgjering frå den nye kongressen, som skulle byrje i Lima året etter, og avslo invitasjonar til å bli med i regjeringa i Buenos Aires. 
Den 6 August, på årsjubileet til kampane som frigjorde Peru, vart uavhengigskap erklært og den nye republikken vart døypt Bolivia etter frigjeraren. Den 11 August vart hovudstaden Chuquisaca døypt om til Sucre, til ære for generalen som tok stega mot uavhengigskap. 
Bolívar og Sucre var den første og andre presidenten i Bolivia, men etter at den tredje presidenten, Andrés Santa Cruz, prøvde å slå landet saman med Peru, byrja ting å gå gale. Ein militær junta etter den andre har tatt makta frå den førre og laga eit mønster som gjensøke nasjonen i dag. Få av Bolivias 192 regjeringar har sete lenge og landet har frå statsopprettinga i 1825 og fram til 1980-talet opplevd 188 statskupp, noko som har gitt landet ein plass i Guiness rekordbok. 
Skreve av Marit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar