torsdag 7. oktober 2010

Símon Bolívar


Símon Bolívar (1783-1830)
Símon Bolívar vart fødd i Caracas, Venezuela den 24 juli, 1783. Han vart sett på som ein av dei store generalane i Sør-Amerika. Hans kamp mot det spanske herredømme i Sør-Amerika, førte til at Bolivia, Panama, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela vann sin fridom og vart uavhengige.
Som ungdom vart Bolívar påverka av fridomsideala frå den franske revolusjonen. Han slutta seg då til ei gruppe i Ny-Granada som reiste seg mot det spanske herredømme. Dette førte til at Venezuela blei erklært uavhengig i 1811. Det var harde kampar for å oppretthalde fridommen, men i 1819 vart Bolívar valt til president i Venezuela.
Bolívar hadde deltatt ein del i frigjeringskampen i Ny-Granada og etter ein avgjerande seier over spanjolane, vart Símon Bolívar valt til president i Ny-Granada. Venezuela og Ny-Granada blei slått saman til republikken Stor-Colombia.
I 1822 vart Ecuador frigitt og innlemma i Stor-Colombia. I Peru var  Bolívar også aktiv i frigjeringskampane, og  i 1824 vart det spanske herredømmet over Sør-Amerika avslutta. Den øvre delen av Peru vart kalla Bolivia etter Bolívar.
Símon Bolívars store draum var å danne ein stor union for heile Sør-Amerika, så i 1826 vart det samkalla til kongress i Panama. Men dette resulterte berre i eit forsvarsforbund. I 1830 gav Símon Bolívar frå seg makta og døyde litt seinare. Símon Bolívar vart gravlagd i Cathedral of Santa Marta, men vart seinare flytta til National Pantheon of Venezuela, i Caracas.
Símon Bolívar har verte kalla ”El Liberator” (Frigjeraren) eller ”The George Washington of South-America”.


Inger

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar