torsdag 7. oktober 2010



Tiwanaku:

Tiwanaku er eit viktig arkeologisk funnstad frå før inkatida i dagens Bolivia. Tiwanaku også kalla Tiahuanaco var ein viktig indianerby som sannsynleg var senteret for eit stort rike. Tiwanaku blir av dei fleste arkeologar sett på som ein av dei viktigaste nettstadane fram til Inka –imperiet. Tiwanaku kan ein datere tilbake til 1200 f.Kr,  ved søraustkysten av innsjøen Titicaca ligg ruinane av denne gamle byen, dette er ca 72 km vest for La Paz. Opphavleg låg byen ved sjøen, men Titicaca innsjøen har sidan då trekt seg 20 km tilbake. Ein trur byen kan ha hatt ein folkesetnad på 40 000 innbyggarar, og vert heile 6km2 .
Tiwanaku er prega av store  steinar som kan vege opp til 100 tonn, som oftast er desse steinane enten firkanta, kledd, skore eller hogd og dei slår til og med inkakulturen i kvaliteten av handverk.
Solporten er det mest kjende monumentet i byen, den er 3,75m brei og 3 m høg. Breiddestykker laga dei av ei udelt andesittblokk, kor steinen var av lavabergart. Under eit jordskjelv braut denne blokka i to, dette var ein gong etter at kulturen hadde gått under. Denne blokka reknar ein veg mellom 7 -12 tonn, og i 1908 valte dei å reise blokka opp att. Blokka er dekt av friser, eit sentralt guddommeleg bilete og mange vengefriser som er mindre friser. Tydinga av frisene er ein ueinige om, nokon meinar at frisene er ein slags kalender.
Tiwanaku er veldig imponerande, spesielt når ein tenker på at dei enorme steinane dei brukte til å bygge strukturer med kom frå 40 km unna, og vart flytta utan noko form for hjul.

Solporten

Mykje av Tiwanaku kulturen er i dag endå ukjend. Ein veit ikkje om Chavin har påverka området (Chavin er den eldste ”høgkulturen som ein kjenner i Andesområdet, datert i perioden 1000 – 300 f.Kr). Der er mange bygg og bilete som kan minne om Chavin.

I det 11. århundre begynte Tiwanaku å avta, også kulturen begynte å falle frå kvarandre. Tiwanaku var ikkje forlatt, men mista sin plass som ein betydeleg maktfaktor i området, dette la igjen mykje av grunnlaget for det seinare Inka- riket.
Mange av bygningane i Tiwanaku er i veldig dårleg stand og har vert utsett for plyndring og amatørmessige utgravingar i forsøk på å finne verdisaker kort tid etter fallet på Tiwanaku. Skadeverket heldt fram til 1800-talet og i staret av 1900-talet og har omfatta medan anna steinbryting og jernbane og for militære treningsføremål.

I dag er Tiwanaku eit boliviansk kulturminne sett på UNESCO si verdarvliste.

Av: Gunnvor Tisthamar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar