torsdag 7. oktober 2010

Sølvgruvene i Potosí

Då Colombus oppdaga Amerika på 1400-talet, var Sør-Amerika fort erobra av Spania. I 4-5000 meters høgde i Bolivia fann spanjolane store mengdar med sølv som kunne utvinnast, og ved dette fjellet vart landsbyen Potosí bygd.
I løpet av 100 år vart det utvunne heile 45.000 tonn med sølv, og Potosí var verdens største by med 200 000 innbyggjarar, men på 1700-talet forfalt Potisí raskt ettersom sølvforekomstane tok slutt.
Sølvforekomsten ga enorm rikdom til spanjolane, som brukte pengane på å byggje opp eigen industri i Spania. Potosi derimot, fekk ikkje igjen noko av vinningane, og endte opp som ein av dei fattigste byane i Sør-Amerika.

Det vert sagt at i det 16. århundret fekk den Spanske krona så mykje sølv frå gruvene i Potosi at dei kunne byggje ei bry som gjekk frå Potosi og heilt til Spania.  
For å få tak i sølvet frå gruvene måtte spanjolane “ansette” uvillige infødde og afrikanske slavar for å gjere arbeidet for dei. Arbeidsmiljøet var svært dårleg. Når ein arbeidar gjekk inn i gruva, jobba, sov, åt og ofte døyde han i gruva etter ein periode på 2-3 månader.
I dag er Potosi blant dei fattigste byane i Bolivia, og Bolivia er også den fattigste nasjonen i Sør-Amerika.
Trass i at det såvidt blir utvunne nok sølv der i dag, er det fortsatt mange som arbeider lange dagar i gruvene. Unge gutar starter å arbeide der i ein alder av berre 8 år, og der jobbar dei lange dagar utan dagslys, medan dei blir forgifta av alle dei farlege gassane som er der inne. Levealderen til gruvearbeidarane er i dag på max 40-50 år. I dag er det 5000 menn og 1000 barn som arbeider der, og dei tener om lag $1.50 per dag.
Dersom du går til Potosi er det fullt mogleg å få ein guida tur I sølvgruvene. På ein slik tur får du med deg beskyttande klede og ein hjelm, og du kan også få med deg ein demonstrasjon av ein dynamitteksplosjon. Turane varar om lag to timar, men mange somer med vel å gå ut av mina lenge før det, på grunn av den kvelande lufta som er der inne.
Før du går på omvisning er det anbefalt å kjøpe gaver til gruvearbeidarane. Slike gaver kan bestå av cocoablad, alkohol, vatn, sigarettar, dynamitt og beskyttelsesmasker for ansiktet. Dette er nyttige gjenstandar som gruvearbeidarane ikkje har råd til.  
Livet for ein gruvearbeidar er svært hardt. Dei fleste jobbar 12-14 timar utan pause. Det er farlege å ete i gruva på grunn av alle kjemikalane som kan feste seg til maten. Arbeidarane tygg cocablad istadenfor å ete. Dette gjer at dei ikkje kjenner smerte og sult så mykje.

Ida Hagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar